Fyrste skuledagen min var ikkje heile tida like kul. Eg maatte gaa med toskjen uniform og for store sko, saa stega mot skulebygget var baade fysisk og psykisk tunge aa gaa. Etter litt fann eg umbrElla og litlesystera og faren hennar, og to janter som eigentleg fann oss. Plutseleg hadde me planer med dei for loerdagen. Dette var fint, tenkte eg.
Det som var ukult var daa eg gjekk aaleine og leita etter dei tri kjente andleta. Eg fann dei ikkje, og vart gaaande aaleina paa ein ekkel maate. Saa kasta nokon ris paa meg. Fyrst trudde eg dei gjorde det uten vilje, type "obs eg soelte ris paa skulejenta". Men saa gjorde dei det to gonger til. Eg gjekk videre, saara og redd og einsam og usikker, og tenkte at "soeren ta, eg er allereie vorte eit mobbeoffer", og at venezolanske ungdommar er dumme i hovudet. Ettepaa fann eg ut at det er tradisjon aa hive ris paa dei nye. Det hjalp, men berre litt.
Eg snakka med nokon i klassen som virka koselege. Det var kanskje heile klassa, men eg veit ikkje heilt sidan me er saa pitte faa, under 10. I klassa mi gaar det bl.a. ei jente med store, gule eoyreringar, ein gut som liknar Gael García Bernal naar han smilar, og ei jente med beibi. Den er ein maanad og tjueein dagar gamal. Ho er jamngamal med meg (jenta, ikkje beibien). Men det er visst ikkje saa uvanleg her.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
mel: O Marie, jeg vil hjem til dig
SvarSlettå maria jeg synds synd på deg!
å maria jeg synds synd på deg!
du skal ikke gråte, du skal ikke være lei,
å maria stakkars deg!
Så gøy å lese. Synd at de kaste ris på deg, men du kan jo bare kaste tebake? Og eg vil mer enn gjerne se et bilde av den skoleuniformen din!! pliiis pliiiis pliiis!! ?
SvarSlettKlem fra Ellen K
og så må du svare meldingen eg sendte t dg på facebook. har du glemt meg heilt eller? :(