mandag 16. august 2010

manteniendo el contacto

Frå no tenkjer eg å føre bloggen på skansk, berre så dykk ikkje lenger skal forstå meg.

Para mis familias y amigos allá en el mundo (y sobre todo Venezuela, Argentina y Chile). Para más fácil mantener el contacto les escribiré aqui en mi blog! Dejen comentarios o escribenme mails, que siempre quiero escuchar noticias de ustedes! Mantendremos el contacto, porque los quiero tanto! Y viajen bastante a Noruega, por favor.

torsdag 29. juli 2010

heimreise

Ja. Daa er vel utvekslingsaaret mitt slutt. Det syns eg er veldig ekstremt utrulig orntli´ skikkli´ kjempetrist. I gaar reiste eg fraa Mérida. Det var mange gode vener aa ta farvel med. Det var veldig emosjonelt, sidan det hadde aldri gaatt skikkeleg opp for meg at eg skulle reise. Eg grein i timevis. Eg har paa mindre enn eit aar klart aa bygga meg eit kjempefint liv her i Venezuela. Det er ein stor del av meg aa sei farvel til, og eg kjem nok alltid til aa oenska meg litt meir tid i dette flotte landet. No er det desverre slutt for denne gong, men eg dreg herfra med mange gode minner og mange nye venskap og haap om aa vende att snart. Saa skal det bli flott aa kome heim til Noreg òg. Gler meg til aa sjaa dykk alle att! Stor klem fraa litle meg.

tirsdag 13. juli 2010

waka waka

Daa Argentina vann over Mexico, koeyrde ni galne AFSarar rundi i ein liten bil og skreik ut vindauga. Ni galne AFSarar delte ein liten pizza, sidan det var alt me hadde raad til. Ni galne AFSarar hadde ein kjempekveld. Dagen etter heia me paa Japan. Pasteleros, heitter det her. Heia den som vinner.

lørdag 19. juni 2010

margarita

No har eg endeleg vore i karibien. Saann orntli skikkli. Eg har snorkLa og sitt fisk i fluoriserande fargar, og til og med blekksprutar! Dei er skikkelig rare, og sym baklengs. Saa har eg bada mykje, saann orntli skikkli mykje, sidan vatnet er h e i l t pisselunka. Saa har eg blitt solbrent, tatt henna-tattis, og ete og drukke mykje gratis. For me var paa alt-inkludert-saa-mykje-du-orkar-hotell. Det var ornlti skikkli digg. Saa har eg hatt det veldig kjekt med venene mine, men venene til venene mine, med svenskene paa stranda, og med papegoeyen paa skulderen. Den var toeff den!


fredag 4. juni 2010

ny familie

Eg har bytta familie, faktisk! Hadde eit litt konfliktfylt forhald til systera mi i den gamle familien, sjoelv om dei alle var veldig kjekke folk. Det var jo trist aa seie hadetbra og saann, men eg gjorde det fordetom.

Desse to siste maanadene som er att av utvekslingsaaret bur eg i Merida sin hovudaveny i toppen av eit tre. Eller ein hoeg bygning.

Eg bur hjaa ei venninne fraa klassa; Adriana. Eg bur og ilag med to storebroedre; Jorje og Marcos, og moder og fader; Miriam Coromoto og Jesus (ja, han heiter det, men det er vanleg), men dei kallar han berre for Chuchin eller noko i den duren. Det viktiste er uansett at det er drittbra folk. Og at eg er glad for aa ha bytta og at eg deler rom og har funne ut at det faktisk er heilt greit og kanskje tilogmed litt kjekt. Men det aller viktiste er at det er drittbra folk.

Carlos (verdensmesterskapsbroren min som bur i Valencia), Miriam (mor som likar aa snakke og synge), Jorje (bror som er tannlege), Adriana (syster og klassevenninne), Chuchin (far som er liberal), Marcos (bror)

torsdag 20. mai 2010

sossesoettendemai

Paa Noreg sin nasjonaldag bestemde Ella og eg oss for aa dra til Caracas og feira med den norske embassaden. Det var ganske spontant, og endaa meir sproett. Me budde hjaa Mrs. Ambassador, som viste seg aa vere mor til "Vinnie" i den norske rap-duoen Paperboys. HAHA! Me budde i eit drittstor, drittfint hus, med drittmjuke senger og eget basseng og kokk og hushjelp og alt som høyrer ei embassade med. Og festen var heller ikkje noko å seie på. Det var tri servitørar per person, norsk laks, geitost, fenalår,whisky og vin og sånne små tannpirkarar med gulost og fylte oliven. vanlegvis i venezuela er det berre doritos og ostepop. Av gjester var dei fleste nordmenn i oljebransja og ambassadører, men der høyrde óg med ein venezolansk langrennløpar (ikkje særleg vanleg sport her forresten) og ei supermodell...-inne. Og Ella og meg, då. Du kan sei me var ganske malplasserte. Men koste oss, det gjorde me. Då alle hadde gått heim, drakk me raudvin i bassenget og fekk blå tunger.

mandag 26. april 2010

berre for aa blogge litt...

Akkurat no er Thea (norsk flikka som bur paa Margarita) paa besoek i Mèrida. Ho er eit lite gullkorn. I gaar avr Deborah (Italia), Ella, Thea og eg (Noreg) hjaa La Loca Profesora Angela (Venezuela) og laga pasta med pesto og norsk eplekake. Me aat det. Og me drakk vin og ponche crema (saann type eggelikoer trur eg det er, som er veldig typisk her). Me blei ikkje litt fulle eingong, men det var koseleg fordet. Etterpaa saag me Parfymen. Den likar eg.

Ellers har eg vore paa acapella-konsert med laserteppe og baklengs eventyr saman med nokre AFS-arar. Eg har óg vore paa trinn-tur opp i fjellet til ein enorm stjernekikkert. Saann derre teleskop. Det var drittstort. Like stort som eit heilt hus. Litt stoerre faktisk, for ein maa jo rekne med byggverket det staar i. Saa laga me baal, spelte cuatro og sang. Og sov i telt. Paa bussen dansa me reaggeton. Det var humpite

I helga skal me paa speidarleir, fraa torsdag til soendag. Eg skal ta med pannekaker og blanding til aa lage sjokolademjoelk.