Etter to doegn reise venta vertsmor og -far og -soesterskjaereste og kontaktperson paa flyplassen med finfint velkomstskilt, store smil og varme klemmer.
Eg har ein raabra familie! Dei lagar ting, alle som ein. Av dei som er heime no. Syskenbarnet mitt, som kjem i kveld fraa Coro (oerken-venezuela) lagar visstnok ikkje noko. Men han syslar med kjemi. Det gjer heile familien. Dei fleste syslar mykje.
Til no har eg sitt byen fraa baade bil og vindauge, og litt fraa foten min. Den er saa kul! Det er ein kaosby, tykkjer eg, men den er visst ein skikkeleg by i foelge familien min. Eg bur midt i andesfjella. Dei er veldig veldig fine. Her er det masse kule palmer og rare trer og toeffe hus og hippiear. Min paps (ein hendig kar) skal ta meg med til hippieane saa dei kan lage sandaler til meg. Saa skal han hjelpe meg aa kjoepe gitar. Det er han som har laga hylla paa rommet mitt, der stereo og data og fjernsynet staar. Det er forresten 6 fjernsyn i huset.
Legg ut bilde av sandal!
SvarSlett