torsdag 20. mai 2010

sossesoettendemai

Paa Noreg sin nasjonaldag bestemde Ella og eg oss for aa dra til Caracas og feira med den norske embassaden. Det var ganske spontant, og endaa meir sproett. Me budde hjaa Mrs. Ambassador, som viste seg aa vere mor til "Vinnie" i den norske rap-duoen Paperboys. HAHA! Me budde i eit drittstor, drittfint hus, med drittmjuke senger og eget basseng og kokk og hushjelp og alt som høyrer ei embassade med. Og festen var heller ikkje noko å seie på. Det var tri servitørar per person, norsk laks, geitost, fenalår,whisky og vin og sånne små tannpirkarar med gulost og fylte oliven. vanlegvis i venezuela er det berre doritos og ostepop. Av gjester var dei fleste nordmenn i oljebransja og ambassadører, men der høyrde óg med ein venezolansk langrennløpar (ikkje særleg vanleg sport her forresten) og ei supermodell...-inne. Og Ella og meg, då. Du kan sei me var ganske malplasserte. Men koste oss, det gjorde me. Då alle hadde gått heim, drakk me raudvin i bassenget og fekk blå tunger.

4 kommentarer:

  1. blå tunger av rødvin? KULT
    ps. fint innlegg

    SvarSlett
  2. FLott innlegg! Eg skulle ønske eg og kunne bo i en sånn bolig ein natt, det hørtes kult ut. Å bare prøve det liksom. :)

    SvarSlett
  3. Stilig! Nå sitte eg og får visdomstenner.

    SvarSlett