I paaska reiste eg paa ferie med kontaktersonen min, Cecar, paa besoek til familien hans som bur ein fjellby om lag fem timar i buss fraa min fjellby. Dei bur i grunnen ikkje i sjoelve fjellbyen, men meir presist i ei fjellbygd rett utanfor sjoelve fjellbyen. Men dei er alle skikkelig greie.
Eg vart altsaa kjend med denne skikkelig greie familien fraa fjellbygda, og dei tok meg med opp i fjellet, til andre fjellbygder, paa fem bursdagskalas, og til og med til Colombia! Det har seg nemelg saann at denne fjellbygda der denne skikkelig greie familien bur er fjellbygda Cordero. Denne fjellbygda Cordero ligg rett utanfor fjellbyen San Cristòbal. Denne fjellbyen San Cristòbal ligg svaert naer grensa til Colombia. Berre ein time, faktisk. Saa ein dag reiste me over denne grensa, og kom til grensebyen Cùcuta. Der var det mange ting aa kjoepe, saerleg klaer og sko, sidan det er colombianarane kjende for aa vere saa flinke til aa produsere. Saa daa kjoepte eg likesaagreit litt klaer og sko.
Etterpaa reiste me paa bursdagskalas og sang hurrafordegsomfyllerdittaar og den altfor lange venezolanske bursdagssongen, og etterpaa reiste me paa fest og dansa salsa og andre spanande, eksotiske dansar. Her i soeramerika har folk nemleg for vane aa dansa svaert eksotisk.
Ein annan dag reiste me til ei anna fjellbygd; Peribeca. Det var skikkelig fint og turistisk, og me blas mange saapebobler, og far til Cecar gav meg brennevin med det tvilsomme namnet Viagra. Saa drog me innom eit par bursdager til, og sang eit par bursdagssonger til.
Av paasketing aat me verken appelsiner, kvikkloensj eller lam. Me gjekk heller ikkje paa skitur, saag Monsieur Poirot paa NRK eller loeyste krimgaatene paa mjoelkekartongane. Derimot bretta me kors av palmeblader, som skal beskytta oss mot ondt, og gjekk i messe. Der snakka presten ei stund, to jenter dansa i kvite kjolar, folk bar fram blommar og vin og mjoel og vatn, mottok nattverda, "gav fred". Det vil seie at alle klemmer alle rundt seg. Saa gjekk me heim og aat fisk. Og Tine Gudbrandsdalost. Sistnemnde var ei gaave fraa Noreg.
Paa fredagen gjekk me Viacrusis. Det er ein gaatur paa ganske seks komma fire kilometer der me foelger Jesus til Golgata. Sidan Golgata ligg litt lenger unna gjekk me heller til ein fjelltopp som heitter Montecarmelo. Alle dei 14.000 innbyggjarane i Cordero var med. Ok, kanskje ikkje alle, men det var iallefall mange. Folk gjekk barfot eller bed lilla Nazareth-kjortler for aa takka Gud for- eller be om signingar. Heile Jesus-delen var dramatisert ved forskjellige stopp paa turen: Jesus, Maria Magdalena, Pontius Pilatus, Herodes, Judas, Barabas, soldatene; alle var med. Til og med korsfestinga. Det var ein tur eg seint gloeymer.
JADETVAREINFLOTTPAASKEFERIE.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det hørtes ut som en kjempekoselig påske! :)
SvarSlettHilsen Eldbjørg
Absolutt ulikt slik me har det i Norge. Høyres minnerikt ut.
SvarSlettMor
Eg likte dette innlegget! Håpe du har det kjekt nå og, sjøl om det ikkje e påskehøytid lenger! :)
SvarSlettKlem fra Vilde
du glemte å si at du var med meg og familien min!
SvarSlettja, saa var eg med ella og blodfamilien hennas. skikkelig kjekke folk. me lagte moussaka (eller spiste iallefall) og tok manikyr og masse aent. mmen det var foer paasken, daa.
SvarSlettKoselig Maria! Det va et fint innlegg, og eg syns du kan vær stolt over å ha skreve så mye ja. Flink! Kos deg videre, me glede oss te å se deg igjen her hjemma :D
SvarSlettKlem Ellen Katrine
eg savner deg.... :-@
SvarSlett