torsdag 4. februar 2010

speidar

No har eg byrja i speidaren. I Clan Orion 72. Eg harr allereie vore paa ein speidartur og sitt paa stjernene og pussa tennene i ei elv og laga frukost med stormkjoekken og frose fjeset av meg i teltet om natta. Alt i alt var det ein herleg tur med herleg loegne folk. Dei fanst visst i Venezuela óg.

Heile speidarklanen har kallenamn; ein finn blandt anna Puerco Araña (spider pig), Piña (no omdoeypt til den norske versjonen Ananas), Pepa (som betyr froe), Caballo (hest) og Champiñon (som betyr ...ehh, ja, dykk kan sikkert gjetta).

Paa sundag hadde me grillfest i huset til speidarguten eg likar aa kalle Espen, sidan han liknar ein eg kjenner som heitter Espen. Dei andre kallar han for Nariz, sidan han har nase. Alle har i grunnen nase, unntatt han-hvis-namn-ikkje-maa-nemnast, men Nariz har ein litt stoerre nase.

No er eg varten medlem óg, med tilnamnet "ohh Marrria!" og kjenningssongen "quién tiene tutto? María tiene tutto!" (kven er troett? Maria er troett!). For eg er jo ofte det.

5 kommentarer:

  1. kuult! speider !! det var skikkelig kult !

    SvarSlett
  2. Fant endelig lenka til bloggen din. Leitte forgjeves på fjesboka...
    Ser ut som du i alle fall ikkje kjedar deg, og det er jo flott! Med dei beste ønskje frå snø, vind og kjøl i kalde nord!

    SvarSlett
  3. Høyres ut som det er lurt å reisa på telt-tur til fjells og samen med ananas og nase og spider-griser. Det er sikkert ganske fredelig i eit iskaldt telt.
    Speider er flott. Speiderar er snille med kvarandre og hjelper kvarandre, og gir klemmar, og er flinke til å helsa. Hels til dei frå meg.
    Mor

    SvarSlett
  4. Speideren høres gøy ut. E det sånn ein-gang-i-ukå ting? Ka andre ting har du gjort. Koss e skoleeen, e det vanskelig?

    SvarSlett
  5. nettopp det, ja, det e kver lørdag. eg har prøvd tango og. syns du eg ska begynna? skolen e drittlett.

    SvarSlett