lørdag 20. februar 2010

gymnas

No er eg endeleg ferdig med soekeinfernoen til VG3. Det saag ganske moerkt ut ei stund, men det gjekk bra til slutt, takka vaere min gode far, Lazlo. Eg har soekt mykje paa Kongsgaard. For det er best.

I morgon dreg eg paa leir med AFS. Me skal til La Gran Sabana i Amazonas og koeyre kano med indianarar og sjaa paa verda sitt hoegste fossefall; Salto Angel. Me reiser i buss, i staden for eit hus dratt av heliumballongar, men eg trur nok det blir drittkult allikevel.


mandag 15. februar 2010

karneval

Her er det karneval. Sist laurdag var det parade. Det likna paa 17. mai, berre med kostymar. Der var det litt av alt; Klovnar på styltar, drillpiker med gull i håret, veteranbilar, miljøglobus, hundar, grisar, sangarar og sånn derre store raude djevlar. Det kulaste var dei derre store, raude djevlane. Alle gjekk rundt med støvlar med innhald, det vil seie sånne avlange drikkeflasker av skinn. Oppi der var det blanda alt folk kunne finne fram av alkoholhaldige drikkar. Eg haldt meg derimot til mango med eddik, salt og pepar. Ikkje noko eg kunne finne på å tilberede, men det er visst ganske vanleg her. Det smakte ikkje så gale heller.

I morgon skal me på marknad. Sånn stor marknad som er her denne veka. Der er det stappfullt av tilbod og handarbeid. På kveldane er det musikk og dans og tyrefekting. Alt er fint, utano tyrefekting, som er grusamt.


ny bror

No har Fidel kome heim fraa sitt utvekslingsår i Canada. Eg er kjempeglad sidan me kjem godt overeins. Eg har ikkje lenger datamaskin på rommet, då. Men det er verdt det.

Heimreisa til Fidel blei bestemt ganske raskt. Innan to dagar etter forbrytelsa var begått, sat han paa flyet til Venezuela. Stakkar fyr, han rakk ikkje eingong å ta farvel med alle venene sine. Mor og Far kjørte til Caracas og henta han, medan eg og syskjenbarnet mitt bytta rom og laga arepas. Så var han heime, og det var fest.

tirsdag 9. februar 2010

tidlig heimsendelse

Til alle dykk haapefulle; eg kan berre skuffe dykk med ein gong. Det er ikkje eg som skal tidleg heim, men vertsbror min i Canada. Han har kome for seint paa skulen altfor mange gonger, og blir no utvist og heimsendt til Venezuela. Saa saann er det. Eg lurar litt paa kvar eg skal bu.

torsdag 4. februar 2010

speidar

No har eg byrja i speidaren. I Clan Orion 72. Eg harr allereie vore paa ein speidartur og sitt paa stjernene og pussa tennene i ei elv og laga frukost med stormkjoekken og frose fjeset av meg i teltet om natta. Alt i alt var det ein herleg tur med herleg loegne folk. Dei fanst visst i Venezuela óg.

Heile speidarklanen har kallenamn; ein finn blandt anna Puerco Araña (spider pig), Piña (no omdoeypt til den norske versjonen Ananas), Pepa (som betyr froe), Caballo (hest) og Champiñon (som betyr ...ehh, ja, dykk kan sikkert gjetta).

Paa sundag hadde me grillfest i huset til speidarguten eg likar aa kalle Espen, sidan han liknar ein eg kjenner som heitter Espen. Dei andre kallar han for Nariz, sidan han har nase. Alle har i grunnen nase, unntatt han-hvis-namn-ikkje-maa-nemnast, men Nariz har ein litt stoerre nase.

No er eg varten medlem óg, med tilnamnet "ohh Marrria!" og kjenningssongen "quién tiene tutto? María tiene tutto!" (kven er troett? Maria er troett!). For eg er jo ofte det.