Nervene var ubeskrivelege daa Hiram skulle koma. Eg skalv ganske kraftig. Og kom, det gjorde han. Etter nesten tri dagar reise og fjorten timar i tullebuss. Det var ganske utruleg aa ha han der igjen.
Paa nyttaar feira me jul med familien og laerte aa laga hallacas; julematen her. Det er ein maisdeig fylt med kjoett og diverse, pakka inn i bananblad og kokt. Det er veldig kjekt aa lage, og smakar jammen ikkje saa ille heller. Rett foer klokka tolv skulle me ete tolv druer. Eg veit ikkje kvifor, men eg klarte det ikkje. Det var for mykje stein i druene. Etterpaa saag me brennande folk paa gata. Det var rektig nok ikkje ekte folk, men año viejos, dukker med fyrverkeri i. Dette er ein tradisjon for aa brenne det som var i fjor, og starte paa nytt med det nye aaret.
Hiram fylte 20 aar her, og paa bursdagen fekk me besoek av familie fraa Valencia. Eg hugsar ikkje namna deira, men det speler inga rolle for dykk: Til Mérida kom tante kul, med tatovering inni munnen, onkel full, med raud nase, syskenbarn to-aar-gamal, som tok meg med paa do og banna, og syskenbarn koselig-med-roedt-haar, med samme bursdag som Hiram. Far laga sjokoladekake, og me sang den langdryge bursdagssongen to gonger. Etterpaa var det oel i garasjen.
Besoek er ei fin unnskyldning til aa reise rundt og vise/sjaa fine plassar. Me var paa guida buss til el Paramo (oppi fjella). Der saag me steinkyrkje og kondor, og kjendte vinden fraa eit 4000 meter hoegt fjell. Den er ganska sterk. Saa var me i El Valle og besoekte Giulia og saag paa stjernene, to gonger paa tur til La Culata, og til Jaji, ein liten landsby, med familien. Me var ute og dansa (hiram har fiksa saann fin, falsk kopi av passet mitt til meg, saa no er eg atten aar). Me var paa vintenmuseum og botanisk hage. Hiram fekk helse paa La Profesora Angela, min aldri saa lite ivrige og svaert gjestfrie laerar. I fem timar. Alt var kjekt.
Daa Hiram kom, var det mykje som skulle visast/sjaas paa kort tid, saa me rakk ikkje over alt. Han har berre aa koma ein gong til.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Fysste mann te å komentera denne gongen. Høyres ut for at du har vore rundt omkring i fjella, og at det går på ein snurr hos dei vaksne mennene. Håpe du held hovudet kaldt...og hjerte varmt. Det verkar til å vera mykje lengre reise mellom Mexico og Venezuela enn Norge og Venezuela. Gjekk Hiram til fots, eller?
SvarSlettSkriv ned oppskriftene på mat du lagar, iallefall viss du likar han. Nå har eg laga ñoquis. Namnamnamanamklemklemmor
Nydlig å lese historiene dine. Det er som å lese en utrulig kjekk bok. Hacia mucho que no venia por estas paginas y me gusta cada vez mas. un abrazaso enorme. y como dice mami, aprendete las recetas asi "intercambiamos cultura" :-O
SvarSlettSå kjekt å lesa ka du holde på me!!! Me og spiste 12 druer på nyttår!! (Tar du ud steinane og skrelle di på forhånd går de lettere ner...)
SvarSlettDu e en flink skribent! =)
hilsen Martha!! =)