tirsdag 26. januar 2010

disturbios

La cosa esta grave en Mérida. Folka her er misnoegde. Vatnet og straumen gaar seks timar kvar dag, landet har nett hamna i inflasjon, og daa ein opositorisk tv-kanal vart lagt ned av presideneten for eit par dagar sidan, rann begeret over for mange. Folk brenn bildekk paa hovudvegane og held protestmarsjer. I gaar forverra situasjonen seg; folket stengde gatene, kasta stein, skaut med pistolar, raserte universitietet, brann bilar og braut seg inn i boligstroek. To unge vart drepne; den fyrste var ein 15 aar gamal gut som vart skoten i brystet under ein protestmarsj. Han var i familie med den valdelegste protestgruppa, Tupamaro, og neste drap var for aa hemne det fyrste.

Eg eg trygg, innelaast i huset mitt, medf gaa ut-forbud. Skulane er stengt paa ubestemt tid. Mor her seier at det vanlegvis roar seg etter eit par dagar, saa eg satsar paa aa ikkje maatte bli heimsendt.

mandag 18. januar 2010

hiram

Nervene var ubeskrivelege daa Hiram skulle koma. Eg skalv ganske kraftig. Og kom, det gjorde han. Etter nesten tri dagar reise og fjorten timar i tullebuss. Det var ganske utruleg aa ha han der igjen.

Paa nyttaar feira me jul med familien og laerte aa laga hallacas; julematen her. Det er ein maisdeig fylt med kjoett og diverse, pakka inn i bananblad og kokt. Det er veldig kjekt aa lage, og smakar jammen ikkje saa ille heller. Rett foer klokka tolv skulle me ete tolv druer. Eg veit ikkje kvifor, men eg klarte det ikkje. Det var for mykje stein i druene. Etterpaa saag me brennande folk paa gata. Det var rektig nok ikkje ekte folk, men año viejos, dukker med fyrverkeri i. Dette er ein tradisjon for aa brenne det som var i fjor, og starte paa nytt med det nye aaret.

Hiram fylte 20 aar her, og paa bursdagen fekk me besoek av familie fraa Valencia. Eg hugsar ikkje namna deira, men det speler inga rolle for dykk: Til Mérida kom tante kul, med tatovering inni munnen, onkel full, med raud nase, syskenbarn to-aar-gamal, som tok meg med paa do og banna, og syskenbarn koselig-med-roedt-haar, med samme bursdag som Hiram. Far laga sjokoladekake, og me sang den langdryge bursdagssongen to gonger. Etterpaa var det oel i garasjen.

Besoek er ei fin unnskyldning til aa reise rundt og vise/sjaa fine plassar. Me var paa guida buss til el Paramo (oppi fjella). Der saag me steinkyrkje og kondor, og kjendte vinden fraa eit 4000 meter hoegt fjell. Den er ganska sterk. Saa var me i El Valle og besoekte Giulia og saag paa stjernene, to gonger paa tur til La Culata, og til Jaji, ein liten landsby, med familien. Me var ute og dansa (hiram har fiksa saann fin, falsk kopi av passet mitt til meg, saa no er eg atten aar). Me var paa vintenmuseum og botanisk hage. Hiram fekk helse paa La Profesora Angela, min aldri saa lite ivrige og svaert gjestfrie laerar. I fem timar. Alt var kjekt.

Daa Hiram kom, var det mykje som skulle visast/sjaas paa kort tid, saa me rakk ikkje over alt. Han har berre aa koma ein gong til.

Han og eg i el Paramo
Nyttaar
Año nuevo

Hallacas

mandag 11. januar 2010

my rollercoaster has got the greatest ups and downs

I gaar reiste Hiram, etter to heilt utruleg drittfine veker ilag. Eg skal fortelje om det ein annan gong, akkurat no er eg deppa.