I helga var me hjaa Italia sin MéridaAFSer. Ho heiter Giulia, og er ei litt saann derre toeff jente. Eg elskar huset til Giulia. Det er paa ein maatet paa landet. Eller det er iallefall ikkje like mykje storby der oppe. Huset til Giulia ligg i noko eg kunne tru var ein kyrkjegard om natta, men det er berre at dei har stor tomt og trer som kastar lange skuggar. Huset er saann flatt, paa ein maate, med ein etasje, ein liten hems, gamle boeker og saann halvdoer, nesten som ein port. Saa har dei gitar. Det er det beste. Eg kjenner eg saknar gitaren. No har eg faatt bursdagspengar fraa mor og far, og skal ut aa kjoepe meg gitar i loepet av dei naermaste dagane. Saa skal eg spele hovudet av den nye familien min.
Hjaa Giulia baka me arepas (saann pitabroed som venezulanere alltid et) og brownies og omelett med loek og poteter. Me gjekk paa flaggermustur og saag mange flaggermus fly fram og tilbake inni ein bunker. Etterpaa aat me kjeks i sola. Saa klippa me haaret av TinTin (Frankriket sin MeridaAFSer), som eg forresten har laert litt fransk av.
Bestemora til Giulia har ein knekt hund som heiter harry og liknar ein bamse, og fem pittesmaa kattunger med klinkekuleauge. Eg haldt alle paa ein gong. Dei er mjuke, men dei klorar.


Tøff! fantastico Maria... me imagino que la casa de Giulia te hace acordar a Bråtveit.... parece lindisima... Arepas... mmmhh.. que rico... gatitos.... extrañamos a Pusur. :-(
SvarSletter det en katt inni hunden?
SvarSlett