onsdag 23. september 2009

voy por ciencias

I dag bytta eg til realfag. For paa samfunnsilnja var det berre keisame fag. Byttet gjekk saa fort at eg ikkje vekk det med meg, og eg sa eigentleg ikkje sagt det til klassa mi. Eg vonar dei ikkje tok det for tungt og vart emoar.
Den nye klassa er veldig kjekk og sosial og interessert, og dei har ikkje hive ris paa meg endaa. Eg var med nokre jenter til byen etter skulen. Det var koseleg sjoelv om me ikkje gjorde ein skit. Dessutan fekk eg ein ordentleg veneklem av ein eg ikkje kjente. Eg kan sei at det er fordi soeramerikanarar eg greie og gjer saann utan heilt aa ljuge, men eigentleg var det fordi den ekte vene var opptatt med aa klemme andre daa min klemmar var innstilt paa aa gi ein veneklem.

Her kjem det etterspurde biletet av meg i uniform. Dykk boer vaere hoegst takknemlege for dette, eg tok det nemleg om kvelden. Eg maatte reise meg fraa stolen, skifte klede, vakne syster mi og be ho om aa ta biletet, laste det opp paa dataen og saa inn paa bloggen. Eg vonar dykk skjemst.

mandag 21. september 2009

fyrste skuledag

Fyrste skuledagen min var ikkje heile tida like kul. Eg maatte gaa med toskjen uniform og for store sko, saa stega mot skulebygget var baade fysisk og psykisk tunge aa gaa. Etter litt fann eg umbrElla og litlesystera og faren hennar, og to janter som eigentleg fann oss. Plutseleg hadde me planer med dei for loerdagen. Dette var fint, tenkte eg.
Det som var ukult var daa eg gjekk aaleine og leita etter dei tri kjente andleta. Eg fann dei ikkje, og vart gaaande aaleina paa ein ekkel maate. Saa kasta nokon ris paa meg. Fyrst trudde eg dei gjorde det uten vilje, type "obs eg soelte ris paa skulejenta". Men saa gjorde dei det to gonger til. Eg gjekk videre, saara og redd og einsam og usikker, og tenkte at "soeren ta, eg er allereie vorte eit mobbeoffer", og at venezolanske ungdommar er dumme i hovudet. Ettepaa fann eg ut at det er tradisjon aa hive ris paa dei nye. Det hjalp, men berre litt.
Eg snakka med nokon i klassen som virka koselege. Det var kanskje heile klassa, men eg veit ikkje heilt sidan me er saa pitte faa, under 10. I klassa mi gaar det bl.a. ei jente med store, gule eoyreringar, ein gut som liknar Gael García Bernal naar han smilar, og ei jente med beibi. Den er ein maanad og tjueein dagar gamal. Ho er jamngamal med meg (jenta, ikkje beibien). Men det er visst ikkje saa uvanleg her.

søndag 20. september 2009

Sorry


Eg har mykje eg skulle ha sagt og fortalt om mine nye vener og nye opplevingar og nye hund og saant. Men eg har ikkje tid saa det faar vera med dette saa lenge. I morgon byrjar eg paa skulen.

onsdag 9. september 2009

mine mini-kultursjokk

Ting som er litt annleis her...

-straumen gaar fleire gonger til dagen
-det er ikkje trafikkreglar (eller dei vert iallefall ikkje fulgde)
-folk seier picsa-slide i staden for pizza slice
-folk syr sine eigne klede
-mor trur karamellpudding er sunnare enn egg
-kjemi er eit praktisk fag
-hus og mat er gratis dersom du vel aa studere gratis
-ein hiv dopapir i soeppelet
-ein maa ha med seg dopapir og saape paa offentlege toalett
-folk har to mobilar med forskjellig abbonement
-hunden likar meg ikkje
-folk synes stygge ting er fine

mandag 7. september 2009

willkommen!


Etter to doegn reise venta vertsmor og -far og -soesterskjaereste og kontaktperson paa flyplassen med finfint velkomstskilt, store smil og varme klemmer.

Eg har ein raabra familie! Dei lagar ting, alle som ein. Av dei som er heime no. Syskenbarnet mitt, som kjem i kveld fraa Coro (oerken-venezuela) lagar visstnok ikkje noko. Men han syslar med kjemi. Det gjer heile familien. Dei fleste syslar mykje.

Til no har eg sitt byen fraa baade bil og vindauge, og litt fraa foten min. Den er saa kul! Det er ein kaosby, tykkjer eg, men den er visst ein skikkeleg by i foelge familien min. Eg bur midt i andesfjella. Dei er veldig veldig fine. Her er det masse kule palmer og rare trer og toeffe hus og hippiear. Min paps (ein hendig kar) skal ta meg med til hippieane saa dei kan lage sandaler til meg. Saa skal han hjelpe meg aa kjoepe gitar. Det er han som har laga hylla paa rommet mitt, der stereo og data og fjernsynet staar. Det er forresten 6 fjernsyn i huset.

onsdag 2. september 2009

24 timar att

Til no har eg:
-søkt på afs
-komt inn i Venezuela
-fått vertsfamilie med 4-5 medlemmer og hund i Merida
-arbeidd
-kjøpt mjølkesjokolade og solbærtoddy
-teikna det norske flaget
-bada
-brent ein cd
-vaska klær
-ete middag og dessert
-sett Trillingene frå Belleville

Til no burde eg ha:
-pakka
-kontroll på flyruta
-lese om Venezuela og Norge og kulturforståelse
-innsett at eg reiser om 24 timer

Pata Pata

I dag var eg på sjukehuset og tok vaksina Hepatites A+B, tredje og siste dose. Eg hatar stikk, men eg skreik ikkje. Eg var veldig flink.

Så kom Julia. Pata Pata Killiiiiiiiing the savage lion Miriam Makeba. Ho hadde med gulrøter, og me gjekk tur i regnet på ein stige. Så hoppte me sniktrampoline. No skal ho tilbars til skulen. Farvel Julia!

tirsdag 1. september 2009

farvel fine folk!



I dag hadde eg spansk med argentinarane på skulen. Det var rett og slett morosamt. Og eg fekk mange klemmer frå fine vener i friminutta. Alle kjem til å sakne meg, seier dei.

Etter skulen var det is og gåver og banktull og jordbærsjokolade (som eg ikkje greidde å bestemme meg for om eg likte eller ei). Og båtar. Megastore båtar. Cruiseskip. Og raude blåsar i geoparken.

Så var det tid for Maria Flyr. Avskjedskos med fine folk. Og ostepølser, marshallows, song, kyr og hav. Eg fekk fine klemmer av Amra, Trine, Thale, Linda, Trude, Even, Ellen, Mari, Vilde, Kristine, Emilie, og sist men ikkje minst: BENEDIKTEKREPS.

Kjem til å sakne dykk alle
og barten kjem, Linda!