lørdag 19. juni 2010

margarita

No har eg endeleg vore i karibien. Saann orntli skikkli. Eg har snorkLa og sitt fisk i fluoriserande fargar, og til og med blekksprutar! Dei er skikkelig rare, og sym baklengs. Saa har eg bada mykje, saann orntli skikkli mykje, sidan vatnet er h e i l t pisselunka. Saa har eg blitt solbrent, tatt henna-tattis, og ete og drukke mykje gratis. For me var paa alt-inkludert-saa-mykje-du-orkar-hotell. Det var ornlti skikkli digg. Saa har eg hatt det veldig kjekt med venene mine, men venene til venene mine, med svenskene paa stranda, og med papegoeyen paa skulderen. Den var toeff den!


fredag 4. juni 2010

ny familie

Eg har bytta familie, faktisk! Hadde eit litt konfliktfylt forhald til systera mi i den gamle familien, sjoelv om dei alle var veldig kjekke folk. Det var jo trist aa seie hadetbra og saann, men eg gjorde det fordetom.

Desse to siste maanadene som er att av utvekslingsaaret bur eg i Merida sin hovudaveny i toppen av eit tre. Eller ein hoeg bygning.

Eg bur hjaa ei venninne fraa klassa; Adriana. Eg bur og ilag med to storebroedre; Jorje og Marcos, og moder og fader; Miriam Coromoto og Jesus (ja, han heiter det, men det er vanleg), men dei kallar han berre for Chuchin eller noko i den duren. Det viktiste er uansett at det er drittbra folk. Og at eg er glad for aa ha bytta og at eg deler rom og har funne ut at det faktisk er heilt greit og kanskje tilogmed litt kjekt. Men det aller viktiste er at det er drittbra folk.

Carlos (verdensmesterskapsbroren min som bur i Valencia), Miriam (mor som likar aa snakke og synge), Jorje (bror som er tannlege), Adriana (syster og klassevenninne), Chuchin (far som er liberal), Marcos (bror)